Faste gjester
Best Western Lægreid Hotell har mange faste gjester.
Fleire og fleire har oppdaga den gode og lune atmosfæra på Lægreid. Det er difor mange vel å koma tilbake så ofte dei kan. Det var ein av desse som uttalte at "det er godt å være heime att".
Me på Lægreid set pris på å høyre slikt, det er dette me jobbar for. Gjestfridomen står høgt i kurs hjå oss, og då vil me gjera alt for at gjestene kjenner seg som heime.
Er du ofte på reise og treng ein stad der du kan kjenne deg som heime er Best Western Lægreid Hotell eit naturleg val.
Det er mange av dei faste gjestene våre som nyttar seg av fordelsprogrammet Best Western Rewards. Det kan du også gjere ved å bli Best Western Rewards medlem og motta gode tilbod på overnatting og andre godsaker.
Ta kontakt med oss så får du vite kva fordeler som ventar dei faste gjestene våre i Sogndal.